fredag 23. mai 2014

Lommescrapping

Hei hei:-)
I dag har eg endelig skrive mitt første innlegg i Project Life Norge bloggen. Eg har ikkje holdt på med project life så lenge, men som så mange andre har eg jo funnet ut at det er heilt perfekt når eg vil scrappe mange bilder, fra ein ferie for eksempel.

Eg lager aldri nokon plan over korleis eit album skal bli til slutt når eg scrapper. Eg scrapper det bildet, i den stilen, som eg får lyst til der og då. Lommescrapping blir jo perfekt når eg vil supplere LOer med litt ekstra bilder, så det blir nok mange slike sider fra meg:-) 

Denne sida er om ferien me hadde til Tenerife i vinter. Tenker den passer bra no som sommaren er rett rundt hjørnet for oss her i nord:-)


Denne sida er det lenge sidan eg scrappa så eg husker ikkje kva kort eg har brukt her. Men eit par av dei, pluss ein del av pynten er fra eit kit som eg får fra Studio Calico kvar måned. 



Eg digger overlays! Utrulig enkel måte å pynta eit kort på. Denne er fra American Crafts. 


Takk for meg, me blogges:-)


Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)